KomArtQuilt

KomArtQuilt

Velsignelsen

Ferdige bilderPosted by Brit Thu, March 21, 2013 19:45:12


Levende vann

Ferdige bilderPosted by Brit Sat, December 29, 2012 23:00:18

Siste dagen i høgtida, den store festdagen, stod Jesus fram og ropa: «Den som tørstar, skal koma til meg og drikka. Den som trur på meg, frå hans indre skal det, som Skrifta seier, renna elvar med levande vatn.» Dette sa han om Anden dei skulle få, dei som trudde på han. Joh 7, 37-39

Sommarprosjekt

Ferdige bilderPosted by Brit Tue, July 24, 2012 21:44:47

Aldri så galt.... Det regnar og regnar, men det betyr at feridagane og kan nyttast bl.a ved symaskinen.

Eple er ein "prøvelapp" der eg prøver ut ein (for meg) ny teknikk. Kombinasjon av fargelegging og Thread Sketching/ quilting. Veldig spennande. Eg kjem nok til å utforske denne teknikken nærare.

Kjærlighet

Ferdige bilderPosted by Brit Sat, June 26, 2010 23:04:16

Tittelen på dette innlegget er ikkje eit hint om noko nytt i livet mitt, ..men rett og slett tema for familieleiren på Birkeland dette året. Eg vart spurt om å vere med ein dag og stille ut og snakke om nokre av bildene mine. Så det skal eg altså gjere.

Fekk lyst til å sy mine refleksjonar rundt temaet. Så i staden for å gyve laust på hagen i går, brukte eg ettermiddag og kveld pluss store deler av dagen i dag til å sy dette bildet.

Les om bildet under sida "Om bildene"

Endelig...

Ferdige bilderPosted by Brit Sun, June 13, 2010 23:45:40

Endelig har eg produsert noko igjen. Dette er eit av fleire bilder i denne serien. Akkurat dette bildet har Malena og Olav fått. Olav skal gjennom ein større operasjon i morgon. Då eg fekk vite det, visste eg at dei skulle ha dette bildet. Tenk så flott: Alle våre tider, -dei gode, dei gråe, dei redde, dei usikre.... alle våre timar og hjerteslag ligg i Herrens hand.

Ein serie

Ferdige bilderPosted by Brit Wed, April 21, 2010 20:06:59
Trur dette må bli ein serie med bilder. Når eg held på med eit bilde, finn fram stoff, ser eg alltid neste bilde for meg. Eller iallefall fargane! Motivet eller budskapet i bildet kjem etter kvart. Neste bilde trur eg blir i gult-grønt. Eg er fasinert over korleis bildet endrar seg etter korleis ein plasserer firkantane... Og med å sy snorer i sirklar over, kan ein dempe eller forsterke inntrykk.

I di hand

Ferdige bilderPosted by Brit Wed, April 21, 2010 19:47:58

Denne teknikken med firkantar og sirklar er utrulig kjekk å halde på med. Å velge fargar på stoff og tråd/garn er spennande. Ein kan bruke gamle klede, stoff som glitre, har ulik overflate... Dette ser ein ikkje så godt på bilete, men bildet får eit flott fargespel etter kor det heng i forhold til lys mm. Eg likar og å bryte teknikken med aplikasjon eller liknande. Eg kjem nok til å lage fleire bilete i denne serien.

Nå har eg heilt sy-dilla igjen. smiley. Eg skal sy fleire bilde med same motivet som her, men i andre fargar og annan bakgrunn. (Eg skriv meir om dette under sida "Om bildene")

Håp

Ferdige bilderPosted by Brit Mon, April 05, 2010 23:20:23

I dag har eg kost meg ved symaskinen. Det er veldig kjekt å bruke firkantar. Uante muligheter med det. Dette bildet har eg "ruga" på ei stund. Mens eg sydde Livsglede 1, såg eg for meg dette pluss eit bilde til i same stil. Det neste vil vel komme i løpet av våren.

Next »