KomArtQuilt

KomArtQuilt

Sune

Ferdige bilderPosted by Brit Sat, March 27, 2010 20:47:00

Veldig kjekt å sy igjen. Denne gongen er det dåpsgave til Sune. I mårå er det dåp i Jørpeland kyrkje, og eg skal vere fadder.

Å vera fadder er eit oppdrag som forpliktar. Gerd Elin, mor til Sune, var den første eg var fadder til. Opp gjennom åra har eg huska på fadderbarna mine på forskjellig vis. Å be for barnet er jo det viktigaste. Kjell og Kirsten som er fadrar for Erik, har tradisjon for å komme på besøk på dåpsdagen. Dei har med seg eit kort, og gjerne ei kristen bok, cd eller film. Dette har vore med og bevisstgjort Erik på dåpsdagen sin, og eg syns det er ein flott måte å markere denne på. Derfor har eg og prøvd å gjere dette for dei siste fadderbarna mine. Så sant det passar vil derfor Sune for ettertida få besøk den 28. mars. smiley

Som i et speil

Ferdige bilderPosted by Brit Wed, February 10, 2010 23:26:27

Fant eit bilde eg sydde for mange år sidan- sikkert eit av dei første.
Inspirert av versa i 1.Kor 13,12-13

Nå ser vi i et speil, i en gåte,
da skal vi se ansikt til ansikt.
Nå forstår jeg stykkevis,
da skal jeg erkjenne fullt ut, slik Gud kjenner meg fullt ut.
Så blir de stående, disse tre: tro, håp og kjærlighet.
Men størst blant dem er kjærligheten

Slektstre

Ferdige bilderPosted by Brit Sun, January 24, 2010 12:10:33

Mor har ein vegg med bilder av oss ungane, barnebarn og oldebarn. Eg fekk ideen om å lage eit slektstre til henne, som kan henge saman med desse bildene. Eit slektstre er jo stadig veksande, så eit av blada på Gerd Elin si grein står klar til å få eit navn. Så om eit par mnd får eg sy på eit navn til. Marit og Gunnar har frodige greiner, mens bladene står meir på "vent" hos oss andre. smiley. Bildet er sydd slik at det skal vere enkelt å ta det ned og sy på fleire navn. Berre tida vil vise...

Livsglede 2

Ferdige bilderPosted by Brit Tue, November 17, 2009 16:50:14

Her er det andre bildet eg sydde under temaet "Livsglede". Bakgrunnen på bildet er eit blått stoff som eg har brukt stofftrykk på. Det er spennande å nytte ulike teknikkar, og eg likar å blande litt, bryte nokre grenser. Tidlegare då eg sydde mest lappeteknikk, var nøyaktighet, beine saumar, den strenge oppbygginga veldig viktig. (Og eg likar det og!!) Men i art-quilt er alt lov. Her kan ein mikse og trikse. Berre fantasien set grenser.

Les meir om tankane bak under sida om bildene

Livsglede 1

Ferdige bilderPosted by Brit Wed, November 11, 2009 19:36:34

Eg har vore opptatt av "livsglede" i den seinare tid. Har reflektert ein del over kva som gjer at eg kjenner på ei grunnleggjande glede i livet.
Du kan lese meir om tankane bak bildet under om bildene.

Eg kosa meg veldig med å prøve litt nye teknikkar i dette bildet. Eg har nytta vannoppløyseleg stoff i midten. Då blir det "hål" i bildet. Eg skal plassere ein liten spegel bak, slik at når du ser bak hjertet og korset så ser du ditt eige ansikt.

Dette bildet er eit lappeteppe i ordets rette forstand. Eg har brukt mykje fargar her. Og effekttråd som eg har sydd i sirklar.

Fleire englar

Ferdige bilderPosted by Brit Wed, November 11, 2009 18:52:52

Dette er englane som det etterkvart er blitt ganske mange av. Nå har eg nytta sjølfarga stoff. Det er spennande. Begge desse er bestilte og skal nok bli julegåver.

(Nå har eg funne ut av teknikken og- eller Randi rettare sagt. smiley)

Til bedehuset på Tau

Ferdige bilderPosted by Brit Wed, September 30, 2009 22:08:10

Då er bildene eg har sydd til bedehuset på Tau montert. Spennande! Eg har fått mykje positiv respons på dei. Og det er kjekt. Alltid usikker på om folk syns om uttrykket i bildene eg lagar. Eg har jo eit sterkt ynskje om å formidle noko, og det gjer godt når folk vert berørt av symbolikken og tankane bak.

Du kan lese om dette på sida om bildene

..og Gud sa..

Ferdige bilderPosted by Brit Tue, August 18, 2009 21:44:02
Då er bildet ferdig. Les meir under om bildene

« PreviousNext »