KomArtQuilt

KomArtQuilt

Aurora 440 QE

Under arbeidPosted by Brit Sun, September 12, 2010 00:19:03

Aurora 440 QE.... Det er navnet på den modellen av Bernina symaskin som eg (og Kari) har. Og i dag har me vore på kurs i Egersund. Det var kjempekjekt! Masse ny innsikt i muligheter me har med denne maskinen. Nyttig!

Og sjølsagt har me og fått vite om behov som me ikkje visste at me hadde.
Tilleggsutstyr som ein berre MÅ ha. Og me let oss "overtale". Ikkje vanskeleg ein gong. Eg er glad eg kan skrive det som utgifter på KomArt Quilt. (Litt bedre samvittighet...) Nå glede eg meg berre til å prøve ut alle mulighetene.

At ein ved bruk av ei spesiell nål og pyntesaum kan lage dei nydelegaste holmønster...(Nederste bilde) Her kan ein trylle fram nydelege linserviettar på ei lita kveldsstund.

Eller, med litt ekstra utstyr,- kan ein filte fast ull, tråd, organsa eller andre materialer. (Nederste bilde)

På det andre bildet har eg prøvd to forskjellige snorføter. Effektfullt!

Personlige tøybitar

Under arbeidPosted by Brit Fri, July 09, 2010 11:09:15

Då har eg litt å jobbe med framover. Her er ca 6 meter med stoff, så det kan jo bli mange bilder av det. Alle dei lilla nyansene er nydelige, men eg får ikkje dette fram på fotografiet syns eg. Kanskje eg må ta eit fotokurs...?

--- Kanskje fargane kom litt betre fram her, ute på terassen?

Farge bakgrunnstoff

Under arbeidPosted by Brit Wed, July 07, 2010 11:55:22

Det som er spennande med farging, er at ein aldri kan forutsjå resultatet. Denne gongen er eg ute etter ein bakgrunn for eit spesielt bilde, og eg er ikkje fornøgd med dette resultatet. (Fotografiet lyg litt på fargane. Sikkert fotografen som ikkje kan sine ting. Meg! ) Nye førsøk ligg nå til framkalling. Dette tek ca 20 timar. Eg skal snart skylle ut overflødig farge, vaske stoffa i maskinen og tørke dei. Eg er ute etter litt mørkare nyansar. Heldigvis er ikkje stoffa øydelagt fordi om eg ikkje kan bruke dei i det bildet eg held på med.

Dette er nydelige fargar og gir muligheter til mange andre kommande prosjekt.

Engler igjen....

Under arbeidPosted by Brit Fri, March 19, 2010 20:24:13
Nå har symaskinen hatt fri i vekevis, mens eg har stulla med slike - for meg- kjedelige sysler som maling og tapetsering. Men nå skal eg tørke støv av maskinen og sy nokre englebilde eg har på bestilling. Og då er eg vel i gang igjen. Har fleire nye idear.smiley. Det krible i fingrane...

Portrett

Under arbeidPosted by Brit Wed, February 10, 2010 23:32:06

For fem år sidan var Kari, Ingeborg og eg på kurs på Stord. Me hadde det heilt topp- både på hytta vi budde i, og sjølsagt på kurset. Den danske tekstilkunstnaren Solvejg Refslund var den som lærte oss å sy portrett. Eg hadde med meg eit bilde av Randi, og dette vart resultatet. Men det har aldri blitt montert. Men nå har eg iallefall funne det fram igjen, og eg syns det fortjene å bli gjort ferdig.

Meir farging

Under arbeidPosted by Brit Sat, January 09, 2010 22:55:11

Desse "svampane" (øverst)er stoff som er inne i ein fargeprosess. I eit amerikansk blad fann eg ei oppskrift på farging der ein nyttar snø for å få spesielle effekter i farginga. ein blandar fargeoppløysinga med snø og pakkar denne massen rundt vått stoff. Når snøen tinar, sig fargeblandinga ned i stoffet. Denne langsame prosessen gir ein annan effekt enn vanlig farging. Og tilgang på snø har me iallefall denne vinteren. smiley

Resultatet ser ein under

Syhelg

Under arbeidPosted by Brit Sun, August 16, 2009 23:36:25

Det var godt med ei skikkelig syhelg igjen. Denne gongen er temaet Guds Ord. Me skal ha menighetsweekend neste helg med dette temaet. Fekk lyst til å visualisere noko av det eg har reflektert over i den forbindelse.

Når bildet er ferdig skal eg skrive om det på sida Om bildene.

Elles har Eli flytta til Oslo. Møtet med kollektivet har vist vore heilt topp. Studiene byrjar først om ei veke, men det er eit fadderopplegg som ho skal vere med på i veka som kjem.
Randi startar opp på siste året på Bergeland i mårå, mens Erik skal ha første dag på Strand VGS. Spennande.
Spennande er det og for meg/oss som skal ta imot ca hundre nye førsteklassingar i mårå..

Engler i lange baner

Under arbeidPosted by Brit Fri, July 31, 2009 23:48:27

Då var eg i gang. Fire englebilete er nå klar for sying.
I dag har eg vore inne på bibelen.no og søkt på engler. Det er utruleg kor mange gonger englar er nevnt i bibelen, og kor viktig rolle dei har. I GT kan vi f.eks lese om Jakob som møtte englar fleire gonger.
I Salme 91 står det verset som eg brukar i mine bilete:

For han skal gi sine engler befaling om å bevare deg på alle dine veier.

Dette verset er kanskje og bakgrunnen for alle dei englebileta som heng over barnesengene rundt om. (Bilete over f.eks)Det var iallefall veldig vanleg då eg var liten.

I NT står det mykje om Menneskesønnen sine englar. Det var og ein engel som fekk oppdraget å seie frå til Maria om underet som skulle skje. Og englane får stor plass i beretninga om Jesu fødsel.

Kan vi rekne med englar i dag?
Mange har sterke historier om korleis englar har vore til stades spesielt i vanskelege og farefulle situasjonar. Og ennå fleire kan i ettertid av dramatiske og tunge tider vitne om at dei har hatt englevakt. Flott å tenkje på at vi skal få ta guds løfter på alvor- og når det gjeld dette at Han gir englane sine befaling om å verne oss. Fantastisk!

Har du ei slik oppleving?

Next »