KomArtQuilt

KomArtQuilt

Sysperre!

Under arbeidPosted by Brit Thu, July 30, 2009 20:34:06

Då ligg alt til rette for eit par dagar med kreativt arbeid... Men kva skjer? Eg har sysperre. (Går vel an å kalle det det? Forfatterar snakkar om skrivesperre- utan samanlikning førøvrig). Eg går på systova mi og ser på alt eg kan gjere,- teiknar litt, begynner på noko, men så er det stopp. Veit eg har eit helst to store bilder eg skal sy, men får ikkje begynt. Eg kan sy englebilder- her har eg bestilling på fire stk. Men til og med det er det vanskeleg å komme igang med.

Eg trur eg er så avhengig av å gå i fjellet, eller vere på sjøen for å få inspirasjon. Har fått gjort for lite av det denne ferien. Får satse på ein fin haust! Og at dagen i mårå blir meir kreativ.smiley

Utstilling

Under arbeidPosted by Brit Thu, June 25, 2009 22:27:23

I kveld har eg klargjort bilder til utstilling i helga. Bjørg Mary og co skal ha den årlige utstillinga ved sjøen på Tungland. Det pleier å vera så flott. Bilder mm både ute og inne. Kaffi nede ved stranda.. Og så meldes det kjempeflott ver.

Denne gongen vart altså eg og invitert til å stille ut. Det er spennande. Det blir maleri, kjeramikk, foto, knivar og så art-quilt då. Skal nok ta bider og legge dei ut her.

I Guds omsorg

Under arbeidPosted by Brit Fri, May 22, 2009 21:13:07

Med litt blanda følelsar eg legg ut bilder under arbeid. Får liksom ikkje det rette inntrykket. Men dette er altså eit av tre bilder som eg syr på "bestilling". Dette skal henge i midten.

Hvis du syns hendene ser omsorgsfulle og "vare" ut, at det er godt å kvile i dei, då har eg oppnådd det eg ville. Å kvile i Guds omsorg følest ikkje beklemmande, men berre godt. Gud er rundt meg på alle sider. Han støttar meg, gjev meg alt eg treng- frå nåde til føde. Han ser meg, vaker over meg. ..Slik er Gud! Og mykje mykje meir!

Spennande..

Under arbeidPosted by Brit Tue, May 05, 2009 21:54:51
Første bilde med sjølfarga stoff. I tillegg har eg brukt trykk og fargar. Her har eg ikkje brukt applikasjon, men brukt effekttråd og sydd rundt motiva. Kjekt! Å farge stoff sjøl, er tilfredstillande. Frå kvitt stoff til ferdig bilde. Spennande å jobbe med noko heilt frå botn.

Komme i gang..

Under arbeidPosted by Brit Sun, May 03, 2009 23:39:53
Nå er det på tide å starte eit par sy-prosjekt igjen. Dei siste vekene har eg laga skisser og farga stoff, så nå gler eg meg til å lage mønster, velge bakgrunnsstoff og andre stoff til motiva. Eg håpar å kunne nytte eit eller fleire av dei stoffa eg har farga sjøl som bakgrunn. Dette blir spennande! smiley

Farging 2

Under arbeidPosted by Brit Thu, April 09, 2009 23:42:08
Denne gongen brukte eg meir farge. syns det blei betre, men den blå og raude kjem eg sikkert til å farge om igjen. syns dei vart veldig skarpe. Bilde 2 er alle stoffa samla. Ganske bra egentlig. smiley

farging

Under arbeidPosted by Brit Wed, April 08, 2009 14:21:21

Dette var spennande. For første gong har eg farga eigne stoff frå botnen av. Veit ikkje om eg syns dette første forsøket var så vellukka, men då kan det berre bli betre.

Prosessen i korte trekk:
- blande fargepulver med lunka vatn og Urea (gjer at fargen ikkje tørkar ut mens stoffet er under behandling.
-PDF-stoff (bomullsstoff der all apperatur og tilsettingsstoff er fjerna slik at stoffet lettare tek til seg farge og fargane blir klarare) legges i vatn tilsett Soda Ash (åpnar fibrane i stoffet slik at dei kan ta imot fargen)
-Fargen vert tilsett stoffet. Her kan alt skje!! Stoffet kan vere både vått og tørt. Etter fargebehandling, ligg stoffet i plast over natta til framkalling.
- Ein skyler stoffet i lunka vatn for å få vekk overflødig farge.
- Vaske med vaskemiddel i vaskemaskinen ved 40 grader.
- Stoffet henges til tørk, og er ferdig til bruk.

Dette første forsøket nytta eg jordfargar rødt, gult og blått. Ved å blande fargar fekk eg forskjellige nyansar. Neste gong skal eg vere rausare med fargane. Her er det berre å prøve seg fram.

Det blir kjekt å sy bilder der eg nyttar sjølfarga stoff.

For mi skuld

Under arbeidPosted by Brit Thu, April 02, 2009 23:00:10

Påsken står for døra. Det skal bli godt med ferie. Eg håpar på fine dagar med turar og kos saman med familie og venner. Igjen har påskebodskapen gripe meg. sjølve grunnlaget for trua og den kristne kulturen vår.

Sannelig, våre sykdommer tok han på seg,
og våre smerter bar han.
Vi trodde han var blitt rammet,
slått av Gud og plaget.
Men han ble såret for våre overtredelser
og knust for våre misgjerninger.
Straffen lå på ham for at vi skulle ha fred,
ved hans sår har vi fått legedom. (Jes 53, 4-5)

« PreviousNext »