KomArtQuilt

KomArtQuilt

Eit år til

KvardagstankarPosted by Brit Thu, December 02, 2010 21:59:24


Ja. Denne sida skulle eg legge ned, men eg får ikkje avvikle den før nyttår, så då blir eg her eit år til. Foreløpig komme eg til å legge bilder inn her og. Har ikkje fått galleri på den nye sida mi ennå. Men den nye bloggen likar eg betre, så det er flott om du følgjer meg på www.britvalheim.com

NY SIDE !!!!!!

KvardagstankarPosted by Brit Wed, September 22, 2010 21:31:11

Eli held på og "mekkar" ny blogg til meg.

Denne "gamle" sida vil bli avslutta rundt nyttår! Men inntil vidare er det her du kan gå inn og sjå på bildene mine.

Vil du følgje meg på bloggen, må du derimot logge deg inn på

www.britvalheim.com

Fargeklatten

KvardagstankarPosted by Brit Sun, September 12, 2010 18:33:35

Me var fire travle husmødre (med til saman tolv ungar frå null til ni år), og tenkte me kunne hjelpe kvarandre. Det var tanken då me starta "Fargeklatten" for 17 år sidan. Kirsten, Eli Tove, Kirsti og meg. Tre av oss hadde morspermisjon, mens Kirsti var "åvanpå" med tre store ungar på fem, sju og ni år.

Som sagt: Me tenkte me kunne passe kvarandre sine ungar, slik at iallefall ein av oss kunne få gå og handle i fred og ro. Så kvar torsdag samla med smått og stort i ein av heimane. Me hadde niste med, slik at det ikkje skulle vere bry for verten. Samlingsstund og aktivitet stod på programmet kvar gong. Fire av ungane gjekk på skulen, men kom på fargeklatten etter skuletid.

Dette vart så kjekt, at ingen av oss ville gå glipp av ein einaste gong. Ikkje kan eg huske at nokon hadde behov for å ta ein avstikkar i butikken heller.

Denne ordninga varte dette året, men i åra som gjekk hadde me mange treff likevel,- gjerne turar med heile familiane. Og me damer har i alle desse åra gått i bursdagsbesøk til kvarandre. Veldig kjekt!

Og i morgon er Eli Tove 50 år! Då blir det dameselskap, og me i fargeklatten skal sjølsagt gå. Sidan eg vart så inspirert på kurs i går, har eg i dag leika meg med symaskinen. Det vart eit "kort" til Eli Tove frå Fargeklatten. (Fort gjort og lite gjennomtenkt..)

(Trur ikkje Eli Tove har tid til å lese bloggen min i dag. smiley)

Frå det eine til det andre

KvardagstankarPosted by Brit Sun, September 12, 2010 13:59:59

Randi har nå gått tre veker på Sagavoll. I helga var ho heime for å henta forskjellige ting. Så her er ho på kaien klar til å reise att.

Sykkelen var det viktigaste å få med seg. Jentene her i huset har ikkje vore så ivrige på syklinga, så denne erverdige 14 år gamle modellen har gått frå Eli til Randi, og har nå stått i Erling sin garasje det siste året. Men nå kjem han altså til heder og verdighet igjen- på Sagavoll.

I avskjedens stund kjem begrepet "lause penger" opp. Som fattig student kjem det alltid vel med. På kaien får nokre "lappar" derfor ny eigar.
Etter opp-pakningen å døme, var det meir enn sykkelen som mangla på folkehøgskolen. I ryggsekken finn me ullsokkar, ullgenser, spikermatte (for stive skuldre), mamma sine heimelaga knekkebrød, sysaker, og mykje anna som eg ikkje har oversikt over.

I morgon skal Friluftslinja på ein fem-dagars-tur over Lifjell. Og då må utstyret vere i orden. Jo, Randi får nok eit uforgløymeleg år på Sagavoll!

Reinaknuten

KvardagstankarPosted by Brit Sun, September 05, 2010 23:03:06

Snakk om å nyt(t)e søndagen:
Gudsteneste, tur og så flott konsert i kveld.
Turen til Reinaknuten kunne ikkje vore finare. Varmt, stilt, sol og god sikt. Og så godt lag:- Astrid, Else og Olav, Gro og meg.

Konserten i kveld med Knut Reiersrud og Iver Kleive: Ubeskriveleg bra!!

Laurdag kveld

KvardagstankarPosted by Brit Sat, September 04, 2010 22:02:08

Godt å slappe av etter et døgn på kurs/samling for soknerådsleierar og fellesrådsleierar i bispedøme. (Sola Airport Hotel) Fint å treffe leierar i andre menigheter. Bispedømerådet hadde sydd saman eit flott program for oss. Heldige meg som får vere med på slikt.

Forrige helg var eg og på farten! Då var det opningsfest på Sagavoll. Dette året blir nok ei oppleving for livet for Randi. Veldig kjekt at Erling og eg kunne ta denne turen saman! Me hadde ein flott kjøretur over Haukeli.- begge veier.

Neste helg er det sykurs i Egersund. Kari og eg skal lære ennå meir om mulighetene me har med dei "nye" symaskinane våre. Etter det håpar eg å få tid til å sy litt. Det må vel bli litt rolegare utover hausten.....

I morgon ligg det an til siste ti-på-tur-tur! Gler meg. Men først er det gudsteneste.
Frå ein av søndagens tekstar: Salme 103, 1-6:

Min sjel, lov Herren!
Ja, alt som i meg er,
skal love hans hellige navn.
Min sjel, lov Herren,
glem ikke alle hans velgjerninger!
Han tilgir all din skyld
og leger all din sykdom.
Han frir ditt liv fra graven
og kroner deg med godhet og miskunn.
Han fyller ditt liv med det som godt er,
og gjør deg ung igjen som ørnen.
Herren griper inn og frelser,
lar alle undertrykte få sin rett.

Årets tur

KvardagstankarPosted by Brit Tue, August 17, 2010 22:31:07


Laurdag! Fantastisk ver! Slitsomt når det fine veret slår til. for då kjem valgets kvaler. Skal dagen nytast i fjellet, på fjorden eller på terrassen? Etter ein del att og fram, blei det fjelltur. Ein av ti-på-tur-turane:Moslitjørnane rundt.

Det ser så lett ut på kartet! Ein passelig runde!!
Men eg klarte altså å gå feil heilt i starten. Etter ein halvtime møtte eg ei dame med hund. Ho skulle gå same runden, så eg snudde og slo lag med henne. HELDIGVIS! (Ellers er det usikkert om eg fortsatt hadde vore på tur....) Kjentdamå var kje heilt kjent ho heller, så ein valgt snarvei vart ein større omvei. Men koseleg var det med god drøs og flott natur (når me etter nok ein time kom oss ut av skog, myr, høgt gras og kratt)

For kjentfolk: Når eg etter 4-5 timar skulle avslutte turen ned Kjellbrekk, var det ikkje så mykje igjen av kroppens spenstighet. Eg stavra meg nedover. Knea verkte, og eg vurderte ei stund å gå baklengs.

Sjeldan har det vore så godt å komme heim, tappe i badekaret og sige ned i vatnet.

Tidlegare på dagen hadde eg tankar om å vere sosial på kvelden, men etter bløytlegging, var det berre godt å ligge på sofaen med fjernkontrollen i handa....

Eg vakna utpå natta!

ps: På denne turen traff eg og ei dame på bærtur- med seilerstøvlar smiley

Kveldspadling

KvardagstankarPosted by Brit Sat, August 14, 2010 00:06:37

Onsdag og torsdag kveld fekk endeleg Toril og eg den blanke sjøen me har venta på. Utruleg flott å padle i solnedgangen. Onsdag padla me rundt Barkaneset, mens torsdag vart det Jørpelandsholmen og Raunane. Det var nesten mørkt før me kom oss til lands igjen. Eit eventyr når det er så stilt på sjøen, og ingen båtar som lagar lyd. Like flott som naturopplevinga er den gode praten. smiley

Det kan ennå bli mange flotte turar utover hausten!

Next »