KomArtQuilt

KomArtQuilt

Klematis

KvardagstankarPosted by Brit Sat, July 31, 2010 19:20:15

Hagen min er ikkje stort å skryte av. Eg pleier å seie at eg har ei naturtomt, der alt får vekse som det lystar. Skulle gjerne hatt meir tid og interesse for å lage det fint rundt meg. Men når det er sagt.... så trur eg at eg kunne blitt hekta på hage og, hvis tida strakk til.

Eg er veldig glad i roser og klematis, og litt har eg då av sorten. Fantastisk flott syn når klematisen blømer.

SKO

KvardagstankarPosted by Brit Fri, July 30, 2010 22:16:43

Sidan eg er over 50 år, er det kanskje ikkje så rart at eg har erfaringar som tyder på stor utvikling og endringar på mange områder i livet.

Dette fekk eg erfare i dag! Erik skulle ha nye joggesko, og me reiste til byen kor dei har god geie på slikt. For det er altså ikkje slik at ein går inn i ein sportsbutikk, finn (rett farge!!) og prøver sko, og kjenner at desse er gode på foten- eg kjøper dei.

Nei nå treng me ein fotprofil: Av med sko og sokkar, trø på ei glasplate som viser kor trykk og belastning er på fotsolen. Overpronering er eit uttrykk som eg nå er blitt kjend med. Erik har det, og då skal han ha sko som er litt oppbygd på innsida av foten.

Den blide (sportslege) jenta på butikken henta så eit berg av sko i rette størrelsen. Så var det tid for prøving. Ja, her var det ikkje nok å gå ein runde i butikken. Nei tredemølle med filming av føtene sitt nedslag i løpstilstand. Eit øva auge kunne ved å spele av filmen, sjå om linja frå ankel til hæl var rett. Hvis ikkje så var tilfelle, måtte ein finne andre sko.

Etter ca 1,5 time hadde Erik sko som han nå vonar skal vere dei beste undersåttane hans kan få.

Hvis du nå trur me var nøgde med dette, tek du feil! Her hadde eg altså observert dette overmåte viktige valg av sko i 1,5 time, og blitt meir og meir overtydd om at mine tilbakevendane plager med knær og ledd var eit resultat av ca 50 års feilvalg av sko. Så her får ein prøve å redde stumpane! Nå vart det min tur!

Min fotprofil var ikkje så ulik Erik sin (Eplet fell ikkje langt frå stammen osv. Eg har nå alltid tenkt at han var faren opp av dage i fotalaget.... så her er det gjerne fleire med overpronering?) Eg fann sko eg og, men sidan prisen var nærmare to enn eit tusen, tenkte eg at "har eg klart meg så lenge.... så".

Vel heime igjen måtte eg finne fram seilarstøvlane og forevige dei! For ca førti år si var det slike ein trødde oppi når ein skulle gå ein lengre tur i fjellet f.eks. Solane er flate som golvet, og plattfot eller ei... alle gjekk med dei! Plattfot ja, kor er det blitt av den??

Kjellsfjell

KvardagstankarPosted by Brit Thu, July 08, 2010 19:04:25

Dette er ferie!! Spontane fjellturar på ein kvardag. I dag var det Siri og eg som hadde ein flott tur til Kjellsfjell. Deilig å komme litt opp i høyden. Her får ein oversikt over så mangt- både for syn og tanke. smiley.

Me ser Jørpeland og til og med Stavanger frå denne utsiktsposten!

Sørlandet

KvardagstankarPosted by Brit Sun, July 04, 2010 16:58:44

Fem solfylte dagar på sørlandet, og eg tok kje eit bilde. Typisk!


Familieleiren på Birkeland: Dette året skulle eg bidra med bilder til bønnevandring, pluss formidling mandag kveld. Veldig givande! Og temabildet "Bli i min kjærlighet" var det fleire som gjerne ville kjøpe.... Etter demokratiske reglar: Først til mølla.. skal bildet få nye eigerar på Sunde.
Elles var det kjekt å treffe såpass mange gamle kjente på leiren, men eg kjenner at mi tid som vanleg deltakar er over.

Grimstad: Som alltid like kjekt å komme til Inger og Petter i Grimstad. Her føler eg meg både velkommen og "heime". Ingen ting er som gode venner!! Tysdag hadde Inger og eg ein herlig dilledag i Grimstad og omegn. Eg måtte sjølsagt innom "Meretes Atelier" kor det bugnar av alt ein kreativ "syar" måtte ynskje. Og her finn ein alt det ein har behov for (men ikkje visste om smiley)

Etter ein del pendling mellom Birkeland og Grimstad, enda turen på Birkeland med familiegudsteneste og middag torsdag. Dette var og avslutning for ungdommane (bl.a Eli og Randi) sin ungdomsleir i "villmarka".

Ferie

KvardagstankarPosted by Brit Sat, June 26, 2010 22:29:31

Då tar eg ferie, sjøl om timeplanar og tilrettelegging for neste skuleår ikkje er heilt i havn. ......


Det første eg gjorde då eg kom heim på fredag, var å gå ein tur gjennom hagen. Hagen ja... Den har fått utvikle seg fritt, og slik ser det ut. Plenen har enten fått ein sjukdom eller så er det frosten i vinter som har tatt knekken på han. Eg trur eg må få ein gartner til å sjå kva som kan gjerast. Slik det er nå, er det berre flekkar med grønt.

Sidan eg heller ikkje har renska opp mellom rosetrær og buskar, har jordbærplanter fått vekse fritt. Og sjøl om det nesten er eit ugras når det veks slik, så var det flott å sjå alle dei raude bæra. Eg henta eit par dl, og kosa meg med dette til vaniljekesam. Det er berre harrligt!!!

Kanskje du lurer på om eg kosa meg med bæra åleine....?
Ja nå var det slik at denne delikatessen vart oppdaga i eit øyeblikk der Eli og Randi sat på toget til sørlandet på veg til villmarksleir, mens Erik først kom heim ein del timar seinare- etter ei veke på fottur saman med tre venner. Spreke gutar som har gått "Lysefjorden rundt". .... Ja då blei bæra mine! smiley

Ettermiddagstur

KvardagstankarPosted by Brit Tue, June 15, 2010 21:19:49

I dag hadde Randi lånt med seg "Fnask" på tur. Ein nydeleg og snill hund. Han hadde tydelig stor glede av å springe i ulendt terreng. Randi og eg fekk pulsen opp. Berre når me måtte over ei ferist vart det stopp. Det blei for skummelt. Randi måtte bære han over. Eit syn eg desverre ikkje fekk foreviga.

Alltid like herlig å komme seg ut på tur. Det første bildet er frå Åsvatnet. Kjortåsen i bakgrunnen. På det andre bildet har vi flott utsikt mot Kvalvåg og Idsal.

Besøk

KvardagstankarPosted by Brit Thu, May 27, 2010 23:10:55

"Hallo! Så høgt og fint gras det var her då."

Erik syns denne krabaten var så fin, at den fortjente å bli foreviga. Og eg er enig.

Godt at någe kan trivast i hagen vår. Den ser elles ganske forsømt ut. Gras er berre eit flekkvis fenomen i år. (Og pinnsvinet fant flekken smiley) Trur rett og slett den kalde vinteren har tatt knekken på graset. Store område med gul mose, uten eit grasstrå. Det nyttar ikkje å gjødsle eingong. Her må nok mosen fjernast og nytt grasfrø må til. Det luktar arbeid!!

Tunglandsfjellet rundt

KvardagstankarPosted by Brit Sat, May 22, 2010 22:00:24

I dag blei det ennå meir klatring. Stien opp til toppen av Tunglandsfjellet var bratt, og to plasser hadde dei lagt ut tau, så me kunne entre oss opp berga. Ingen ting å seie på utsikten då me kom til topps. Ein flott rundtur. På første bildet ser me Ådnanes og Svines. Lengst ute Idsal og idsø. Andre bildet har me utsikt inn til Botne, og på siste bildet hadde me utsikt stort sett over heile Jørpelandsbyen.

Det kjekke med desse ti-på-tur-turane er at me først og fremst vert meir kjend med området me bur i.

« PreviousNext »