KomArtQuilt

KomArtQuilt

Farge bakgrunnstoff

Under arbeidPosted by Brit Wed, July 07, 2010 11:55:22

Det som er spennande med farging, er at ein aldri kan forutsjå resultatet. Denne gongen er eg ute etter ein bakgrunn for eit spesielt bilde, og eg er ikkje fornøgd med dette resultatet. (Fotografiet lyg litt på fargane. Sikkert fotografen som ikkje kan sine ting. Meg! ) Nye førsøk ligg nå til framkalling. Dette tek ca 20 timar. Eg skal snart skylle ut overflødig farge, vaske stoffa i maskinen og tørke dei. Eg er ute etter litt mørkare nyansar. Heldigvis er ikkje stoffa øydelagt fordi om eg ikkje kan bruke dei i det bildet eg held på med.

Dette er nydelige fargar og gir muligheter til mange andre kommande prosjekt.