KomArtQuilt

KomArtQuilt

SKO

KvardagstankarPosted by Brit Fri, July 30, 2010 22:16:43

Sidan eg er over 50 år, er det kanskje ikkje så rart at eg har erfaringar som tyder på stor utvikling og endringar på mange områder i livet.

Dette fekk eg erfare i dag! Erik skulle ha nye joggesko, og me reiste til byen kor dei har god geie på slikt. For det er altså ikkje slik at ein går inn i ein sportsbutikk, finn (rett farge!!) og prøver sko, og kjenner at desse er gode på foten- eg kjøper dei.

Nei nå treng me ein fotprofil: Av med sko og sokkar, trø på ei glasplate som viser kor trykk og belastning er på fotsolen. Overpronering er eit uttrykk som eg nå er blitt kjend med. Erik har det, og då skal han ha sko som er litt oppbygd på innsida av foten.

Den blide (sportslege) jenta på butikken henta så eit berg av sko i rette størrelsen. Så var det tid for prøving. Ja, her var det ikkje nok å gå ein runde i butikken. Nei tredemølle med filming av føtene sitt nedslag i løpstilstand. Eit øva auge kunne ved å spele av filmen, sjå om linja frå ankel til hæl var rett. Hvis ikkje så var tilfelle, måtte ein finne andre sko.

Etter ca 1,5 time hadde Erik sko som han nå vonar skal vere dei beste undersåttane hans kan få.

Hvis du nå trur me var nøgde med dette, tek du feil! Her hadde eg altså observert dette overmåte viktige valg av sko i 1,5 time, og blitt meir og meir overtydd om at mine tilbakevendane plager med knær og ledd var eit resultat av ca 50 års feilvalg av sko. Så her får ein prøve å redde stumpane! Nå vart det min tur!

Min fotprofil var ikkje så ulik Erik sin (Eplet fell ikkje langt frå stammen osv. Eg har nå alltid tenkt at han var faren opp av dage i fotalaget.... så her er det gjerne fleire med overpronering?) Eg fann sko eg og, men sidan prisen var nærmare to enn eit tusen, tenkte eg at "har eg klart meg så lenge.... så".

Vel heime igjen måtte eg finne fram seilarstøvlane og forevige dei! For ca førti år si var det slike ein trødde oppi når ein skulle gå ein lengre tur i fjellet f.eks. Solane er flate som golvet, og plattfot eller ei... alle gjekk med dei! Plattfot ja, kor er det blitt av den??