KomArtQuilt

KomArtQuilt

Årets tur

KvardagstankarPosted by Brit Tue, August 17, 2010 22:31:07


Laurdag! Fantastisk ver! Slitsomt når det fine veret slår til. for då kjem valgets kvaler. Skal dagen nytast i fjellet, på fjorden eller på terrassen? Etter ein del att og fram, blei det fjelltur. Ein av ti-på-tur-turane:Moslitjørnane rundt.

Det ser så lett ut på kartet! Ein passelig runde!!
Men eg klarte altså å gå feil heilt i starten. Etter ein halvtime møtte eg ei dame med hund. Ho skulle gå same runden, så eg snudde og slo lag med henne. HELDIGVIS! (Ellers er det usikkert om eg fortsatt hadde vore på tur....) Kjentdamå var kje heilt kjent ho heller, så ein valgt snarvei vart ein større omvei. Men koseleg var det med god drøs og flott natur (når me etter nok ein time kom oss ut av skog, myr, høgt gras og kratt)

For kjentfolk: Når eg etter 4-5 timar skulle avslutte turen ned Kjellbrekk, var det ikkje så mykje igjen av kroppens spenstighet. Eg stavra meg nedover. Knea verkte, og eg vurderte ei stund å gå baklengs.

Sjeldan har det vore så godt å komme heim, tappe i badekaret og sige ned i vatnet.

Tidlegare på dagen hadde eg tankar om å vere sosial på kvelden, men etter bløytlegging, var det berre godt å ligge på sofaen med fjernkontrollen i handa....

Eg vakna utpå natta!

ps: På denne turen traff eg og ei dame på bærtur- med seilerstøvlar smiley