KomArtQuilt

KomArtQuilt

Fargeklatten

KvardagstankarPosted by Brit Sun, September 12, 2010 18:33:35

Me var fire travle husmødre (med til saman tolv ungar frå null til ni år), og tenkte me kunne hjelpe kvarandre. Det var tanken då me starta "Fargeklatten" for 17 år sidan. Kirsten, Eli Tove, Kirsti og meg. Tre av oss hadde morspermisjon, mens Kirsti var "åvanpå" med tre store ungar på fem, sju og ni år.

Som sagt: Me tenkte me kunne passe kvarandre sine ungar, slik at iallefall ein av oss kunne få gå og handle i fred og ro. Så kvar torsdag samla med smått og stort i ein av heimane. Me hadde niste med, slik at det ikkje skulle vere bry for verten. Samlingsstund og aktivitet stod på programmet kvar gong. Fire av ungane gjekk på skulen, men kom på fargeklatten etter skuletid.

Dette vart så kjekt, at ingen av oss ville gå glipp av ein einaste gong. Ikkje kan eg huske at nokon hadde behov for å ta ein avstikkar i butikken heller.

Denne ordninga varte dette året, men i åra som gjekk hadde me mange treff likevel,- gjerne turar med heile familiane. Og me damer har i alle desse åra gått i bursdagsbesøk til kvarandre. Veldig kjekt!

Og i morgon er Eli Tove 50 år! Då blir det dameselskap, og me i fargeklatten skal sjølsagt gå. Sidan eg vart så inspirert på kurs i går, har eg i dag leika meg med symaskinen. Det vart eit "kort" til Eli Tove frå Fargeklatten. (Fort gjort og lite gjennomtenkt..)

(Trur ikkje Eli Tove har tid til å lese bloggen min i dag. smiley)