KomArtQuilt

KomArtQuilt

Preikestolen

KvardagstankarPosted by Brit Mon, June 01, 2009 21:00:53
I dag gjekk turen til Preikestolen. Eli, Randi og eg. Me "lekte" turistar,- iallefall var me tre blandt tusen andre. (slik føltes det iallefall) Eg har aldri gått turen saman med så mange. Me gjekk i kø heile vegen. Japanerar med tynne skinnsko og dressbukser, russiske, tyske, nederlandske, danske +++. Og så mange norske. Me gjekk opp på ein time og femten min, men trur køen sinka oss ein del. smiley. Flott tur uansett!