KomArtQuilt

KomArtQuilt

Botnafjellet

KvardagstankarPosted by Brit Mon, June 29, 2009 23:04:15
Denne søndagen var det Botnafjellet som var målet for Eli og meg. Fornuftige folk hadde kanskje ikkje teke ut i 30 varme grader, men så var me vel ikkje så fornuftige då. Me starta tidleg og hadde med godt med drikke, så det gjekk bra. eMen fluene var tidvis plagsomme. I tillegg var det dårlig merka somme plasser. Og beskrivelsen i ti-på-tur-veiledningen var og missvisande. Men med litt feilgåing kom me oss både opp og ned. Me brukte vel fire timar. Og igjen er me enige om at me bur på ein fantastisk flott plass, med så mange turperler rett rundt oss.