KomArtQuilt

KomArtQuilt

Korsvei

KvardagstankarPosted by Brit Wed, July 22, 2009 11:45:55

Korsvei 2009 i Seljord er over. Det var ei flott oppleving der ein fekk noko for både kropp og sjel. Når det er 3000 menneske på ein plass er det godt gjort å få dette arrangementet til å gli. Det meste er dugnadsarbeid. På grunn av at me var delt inn i tun, vart me ganske godt kjent med nye folk. Og det er alltid berikande.

Veret var skiftande. Alt frå sol og varme til styrtregn og "flaum". Men det såg ikkje ut til at det siste sette nokon dempar på stemninga.

Nå glede eg meg til Skjærgårdssang neste helg. smiley