KomArtQuilt

KomArtQuilt

SOMMAR??

KvardagstankarPosted by Brit Mon, July 27, 2009 21:00:18

Skulle verkeleg ynskje at det vart eit par soldagar igjen. Dette er siste ferieveka og det har ikkje blitt mykje soling, padling og bading. Eg kunne jo ha nytta tida ved symaskinen, men eg lengtar etter uteaktiviteter.

Lørdag vart det trimtur med "sorkling" i joggeskoa, Eric Clapton og sauebjeller i øyrene. I går kor sola var framme, sat eg på sjukehuset med mor heile dagen. Mor har infeksjon av eit eller anna slag, men er så pass i form at ho kjedar seg på sjukehuset. Veldig kjekt at me ungane er der.

I dag hadde eg planlagt ein 2-3 mil lang sykkeltur, men det har rett og slett silregna heile dagen. Men ikkje så gale at det ikkje er godt for noko: Eg har vaska stova- tak, vegger- alt. Deilig følelse og lenge si sist.

Smil til livet- så smiler det igjen!!