KomArtQuilt

KomArtQuilt

Ennå meir sommar?

KvardagstankarPosted by Brit Wed, July 29, 2009 19:18:26

Då kan eg berre slå fast at arbeidslysten var eit blaff... I dag er eg berre lat. Stod opp seint, hadde ein avtale elleve til to (Det var fornuftig). Tenkte eg skulle avdekke symaskinen men det vart ingen ting av. Gjekk trimrunden min saman med Eli (Det var jammen og fornuftigsmiley) Etterpå les eg i boka som litt.gruppa har nå. Anna Gavalda: Lykka er ein sjeldan fugl. ang boka: Den begynne å bli ganske bra. Men eg syns den var fryktelig tung å komme inn i. (Men kanskje det berre er eg som er litt enkel?) Etter ca ein halv time med boka...... vakna eg etter ein time. Og det var det! Nå er det kveld, og eg skal ta meg ein tur til Gerd Elin. Det blir kjekt. Har kje sett henne på lenge.

Andre oppdatteringar:
Mor kom heim frå sjukehuset i går- med to forskjellige pencillinkurar. Ho er ved godt mot.

Randi har det varmt og kjekt i Tyrkia. Ho ringde heim i dag.

Erik har installert seg i telt på Ålgård- UL. Har ikkje høyrt frå han. Dei har det sikkert rimelig vått, og ifølge meldingane blir det stiv kuling og store nedbørsmengder i mårå. Det kan jo bli festlig både for han og andre.

Eli har hatt fri i dag. Ho er nå på nedtelling på KIWI. Seks arbeidsdagar igjen. Så er det ei veke ferie med pakking før ho flytter til Oslo. Det blir rart! Eg syns det har vore så kjekt å ha henne heime desse mnd. Kjem til å savne henne bl.a. som turkammerat og alle samtalane om smått og stort.

Bloggen til Eli: http://ayladriana.com