KomArtQuilt

KomArtQuilt

Hekta på stoff

KvardagstankarPosted by Brit Tue, February 23, 2010 22:23:20

Same kor eg er- så ser eg etter stoffbutikkar. Ein god feriedag for meg er når eg kan finne ein spennande butikk med godt utvalg i stoff, tråd og andre syting. Hvis eg i tillegg kjem over kunstutstillingar, då er dagen heilt topp. Det er ein fordel å vere åleine slike dagar, eller i lag med nokon med same interesse.

For mange år sidan var Erling og eg i Kjøbenhavn. Der kom me over ein butikk med det treffande navnet: Quilters paradis. Eg huske eg tenkte at slik håpe eg det er i Paradis. Eg trur eg var der i fleire timar (mens Erling gjekk rundt og kikka i andre butikkar). Det er aldri billig å gå inn i ein slik butikk. Fordelen nå når eg har firma, er at det kan førast som utgift i regnskapet.

Elles er det og mykje spennande å sjå i selskap eller andre sosiale samanhengar. Masse klær som eg gjerne skulle ha brukt saksa mi på. smiley
Her i familien blir ingen klær kasta før dei har vore innom mi vurdering for "gjenbruk". Fretex er og ein spennande plass å gå når eg leitar etter spesielle syeffekter. Det kan vere ein topp med glitter og stas, eller gjennomsiktige skjerf i ulike fargekombinasjonar. Utfordringa med denne "manien", er at det hopar seg opp i hyller og skap.

Kvar mnd får eg ein pakke med Bali batikkstoff. Dette abbonerer eg på. På bildet ser vi februarpakken. Nydelige fargar og mønster. Lurer på kva bilde eg skal bruke desse i?