KomArtQuilt

KomArtQuilt

Litt Ikea-reklame

KvardagstankarPosted by Brit Sat, February 27, 2010 23:47:19

På torsdag var Randi og eg på Ikea med lang handleliste. Garderobeskap: Tips hvis du skal bestiller frakt: Bestill frå Sverige. Det er billigare enn å få det frå Forus. Dessuten kortare leveringstid. Forstå det den som kan!

I tillegg til garderobeskap skulle me ha ein del andre ting til garderoben. Ei hylle med korger (bildet), Speil, sko- og hattehylle. Og ein del andre småting. Belysning (som er det vanskelegaste eg veit) vart utsatt til ein annan gong. smiley

På vei heim, kjørte me innom sjukehuset og såg Gerd Elin og Olav sin nyfødte Sune. (Me blir nok vane med navnet etter kvart smiley) Han var berre skjønn. Eg syns det blir meir og meir fantastisk med desse små som komme til verda heilt perfekte.

I dag har Erik og eg tapetsert. Slett ikkje verst av to amatørar. Nå begynne eg faktisk å sjå enden på dette store opp-pussingsprosjektet.
Heldigvis har eg stor evne til å slappe av innimellom. Har fått med meg ganske mykje OL- spenning f.eks. I natt er det finale i curling. Hvis eg ikkje har sovna, skal eg få med meg det.