KomArtQuilt

KomArtQuilt

Roser

KvardagstankarPosted by Brit Fri, March 19, 2010 19:45:07

Til ein ven!

Roser i kvardagen lyser opp,
roser i bløming,
roser i knopp.
Dei vakraste roser er gode vener,
ein rosebukett du ærleg fortener.
(Haldis Reigstad)

Roser er noko av det finaste eg veit. Kjenner glede over å ha ein bukett på kjøkkenbenken. Rosa på bilde har eg hatt glede av heile siste veka. Roser er skjøre, vi steller fint med dei og nyt å ha dei rundt oss. Slik sett kan dei godt samanliknast med venner. Vennskap må ein stelle og ta vare på.

Eg er takksam for alle eg kan kalle mine venner.