KomArtQuilt

KomArtQuilt

Sune

Ferdige bilderPosted by Brit Sat, March 27, 2010 20:47:00

Veldig kjekt å sy igjen. Denne gongen er det dåpsgave til Sune. I mårå er det dåp i Jørpeland kyrkje, og eg skal vere fadder.

Å vera fadder er eit oppdrag som forpliktar. Gerd Elin, mor til Sune, var den første eg var fadder til. Opp gjennom åra har eg huska på fadderbarna mine på forskjellig vis. Å be for barnet er jo det viktigaste. Kjell og Kirsten som er fadrar for Erik, har tradisjon for å komme på besøk på dåpsdagen. Dei har med seg eit kort, og gjerne ei kristen bok, cd eller film. Dette har vore med og bevisstgjort Erik på dåpsdagen sin, og eg syns det er ein flott måte å markere denne på. Derfor har eg og prøvd å gjere dette for dei siste fadderbarna mine. Så sant det passar vil derfor Sune for ettertida få besøk den 28. mars. smiley