KomArtQuilt

KomArtQuilt

"Snop"

KvardagstankarPosted by Brit Sat, May 08, 2010 20:21:59

På torsdag var eg i byen. Kjørte innom Hundvåg Hobby. Skulle egentlig berre bestille ein fot til symaskinen, men kunne ikkje motstå desse nydelege stoffa. Dei kjem ikkje heilt til sin rett på bileta, men den nydelege fargekombinasjonen svart/grått/kvitt/rosa pluss litt sølv innimellom, var berre lekker.

Anne Beier Finnestad som driv Hundvåg Hobby er utrulig flink til å snakke varmt for alt som har med sying å gjere. Det er henne eg har lært Frihåndsquilting av. Ho har skrive boka Stoppefoten - quilting med symaskin. Ho er kjempeflink til å formidle, inspirere og oppmuntre. Eg er alltid like inspirert når eg reiser frå butikken hennar.

Men kva eg skal bruke stoffa til- det har eg ikkje peiling på. smiley