KomArtQuilt

KomArtQuilt

Min barndoms dal - Årdal

KvardagstankarPosted by Brit Sun, May 09, 2010 20:55:14

"Grønn er min barndoms dal"

Marit og eg hadde ein flott tur til Rabnafjell i dag. Litt snege kaldt, men ikkje verre enn at me fekk god tid til å nyte utsikten. Eg har Valheim i sikte, mens Marit ser nerøve Bøen. Ei flott bygd er me enige om.

På heimturen såg eg ein hoggorm. Marit trødde nesten på han. Både ho og ormen fekk fart på seg. Veit ikkje kven som var reddast. smiley(Eg er berre litt overlegen fordi eg for første gong i mitt liv syns det var fasinerande å møte ein orm)

Etter turen henta eg mor på sjukeheimen. Me drakk kaffi hos Marit. Koselig!