KomArtQuilt

KomArtQuilt

Aurora 440 QE

Under arbeidPosted by Brit Sun, September 12, 2010 00:19:03

Aurora 440 QE.... Det er navnet på den modellen av Bernina symaskin som eg (og Kari) har. Og i dag har me vore på kurs i Egersund. Det var kjempekjekt! Masse ny innsikt i muligheter me har med denne maskinen. Nyttig!

Og sjølsagt har me og fått vite om behov som me ikkje visste at me hadde.
Tilleggsutstyr som ein berre MÅ ha. Og me let oss "overtale". Ikkje vanskeleg ein gong. Eg er glad eg kan skrive det som utgifter på KomArt Quilt. (Litt bedre samvittighet...) Nå glede eg meg berre til å prøve ut alle mulighetene.

At ein ved bruk av ei spesiell nål og pyntesaum kan lage dei nydelegaste holmønster...(Nederste bilde) Her kan ein trylle fram nydelege linserviettar på ei lita kveldsstund.

Eller, med litt ekstra utstyr,- kan ein filte fast ull, tråd, organsa eller andre materialer. (Nederste bilde)

På det andre bildet har eg prøvd to forskjellige snorføter. Effektfullt!


Fill in only if you are not real





The following XHTML tags are allowed: <b>, <br/>, <em>, <i>, <strong>, <u>. CSS styles and Javascript are not permitted.