KomArtQuilt

KomArtQuilt

Engler i lange baner

Under arbeidPosted by Brit Fri, July 31, 2009 23:48:27

Då var eg i gang. Fire englebilete er nå klar for sying.
I dag har eg vore inne på bibelen.no og søkt på engler. Det er utruleg kor mange gonger englar er nevnt i bibelen, og kor viktig rolle dei har. I GT kan vi f.eks lese om Jakob som møtte englar fleire gonger.
I Salme 91 står det verset som eg brukar i mine bilete:

For han skal gi sine engler befaling om å bevare deg på alle dine veier.

Dette verset er kanskje og bakgrunnen for alle dei englebileta som heng over barnesengene rundt om. (Bilete over f.eks)Det var iallefall veldig vanleg då eg var liten.

I NT står det mykje om Menneskesønnen sine englar. Det var og ein engel som fekk oppdraget å seie frå til Maria om underet som skulle skje. Og englane får stor plass i beretninga om Jesu fødsel.

Kan vi rekne med englar i dag?
Mange har sterke historier om korleis englar har vore til stades spesielt i vanskelege og farefulle situasjonar. Og ennå fleire kan i ettertid av dramatiske og tunge tider vitne om at dei har hatt englevakt. Flott å tenkje på at vi skal få ta guds løfter på alvor- og når det gjeld dette at Han gir englane sine befaling om å verne oss. Fantastisk!

Har du ei slik oppleving?


Fill in only if you are not real





The following XHTML tags are allowed: <b>, <br/>, <em>, <i>, <strong>, <u>. CSS styles and Javascript are not permitted.