Om bildene

Om bildene

Fotspor

DiversePosted by Brit Sun, August 30, 2009 12:01:54

"Fotspor" er eit bilde til Marit i høve hennar 60-årsdag. Fotspora er avtrykk av fjellskoa mine.

I tillegg er "Fotspor" eit symbol på fleire plan. ...
Utdrag frå talen min til Marit:

Noko av det eg har sett mest pris på dei seinare åra, er alle dei flotte turane me har tråkka i lag. Me er begge veldig glade i naturen, og glade i å komma oss til fjells.

I tillegg er det så lett å snakke om alt mulig når ein går. Og eg må sei- at å ha deg som medvandrar når livet har vore tungt og grunnvollane har skaka, det har vore uvurderlig. Eg trur det handle om tryggheten av felles oppgådde spor frå ein trygg oppvekst, tryggheten av opptråkka spor forankra i ei tru på ein Gud som har skapt den flotte naturen me nyt, og skapt oss. Og vissheten når me sit på ein stein ved bekken og ser vatnet som renn og renn.- at slik er nåden – ny kvar dag.

Eg håpe at eg fortsatt kan få tråkke i lag med deg gjenom medgang og motgang. Og kven som går først på stien- det kan me veksle på. Ein gong treng eg å lunte bak, ein annan gong du. Det viktige er at me held i lag, vente på kvarandre, finn gode kvilesteinar, og kan ha tid til å nyte utsikten frå toppane me når, og at når veien igjen går ned i dalane kor ting er litt meir uoversiktlige, så har me fått styrke av samværet, av nista. Og ingen kan ta frå oss minnet om sola som steiker på svette kroppar der me ligg i lyngen og ser berre blå himmel.

prinsesse

DiversePosted by Brit Fri, January 23, 2009 00:20:24

Kreative prinsesser med Bodil Gardner på vestlandstreffen 2008 i Stavanger.
Dette var eit artig kurs kor vi klipte og sydde uten å tenkje for mykje. Ingen mønster. Bodil var ein flott kunstnar, som inspirerte oss til å hive oss utpå. Så mykje har eg ikkje ledd på noko anna kurs.

Fruen fra havet

DiversePosted by Brit Fri, January 23, 2009 00:07:23
I august 2008 var eg og Kari på kurs hos Solvejg Refslund i Danmark. Ei fantastisk veke. Vi sydde sjølvportrett. Heilheten rundt kurset var ei oppleving. Mannen til Solvejg laga all maten. Heile plassen var tilrettelagt for oss med overnatting, turar til fots kvar morgon. Vi kunne sy døgnet rundt om vi ville. 10 damer som hadde det kjekt i lag. Før DK-turen hadde eg ei flott ferieveke heime. Fint ver kvar dag, med mykje padling på fjorden. Dette gjorde nok at eg vart inspirert til å "male" havet som bakgrunn for sjølvportrettet.

Livets mange bilder

DiversePosted by Brit Thu, January 22, 2009 23:55:30

Dette bildet sydde eg sommaren 2005. Eg hadde lese boka "De stumme bildene" av Magnus Malm. Boka gjorde inntrykk på meg. Livet mitt hadde begynt å få meining igjen etter ekteskapsbrudd eit år tidlegare. Sjølv om "livsbildet" går i knas, kan det vekse fram ny meining, og ein kan få nye "rammer" i livet.

Bildet heng midt i stova mi og er dermed ei dagleg påminning om at når ein ligg i glasskåra og ikkje ser anna enn sår og smerte, så er det likevel håp om oppreisning, nye perspektiv. Løvetannen minner meg om at rotsystemet er viktig. Det er vanskeleg å knekke ein løvetann. Den reiser seg alltid på nytt. Rota er seig og godt forankra. Den kan vekse i dei utrulegaste kår. Det er ikkje uvesentlig at vi har gode røter som har god næringstilførsel.