Om bildene

Om bildene

Det levande vatnet

TroPosted by Brit Sun, May 10, 2009 15:24:49
Eg blir aldri ferdig med temaet "Vatn". Bibelen er full av tekstar om vatn. I Joh.7 står det om Det levande vatnet som er Den Heilage Ande. For oss er nattverden ein måte kor Det Levande vatnet får rense oss og gje grunnlag for my start. Berre ved å ta imot dette reine, friske vatnet kan vi bere meir frukt.

Dåpsskulen 2

TroPosted by Brit Sun, May 10, 2009 14:59:52
Dei fire siste temaene:
Sakkeus, Påske, Nattverden, Sonen som kom heim.

Dåpsskulen

TroPosted by Brit Sun, May 10, 2009 14:52:20

DÅPSSKULEN!
Jørpeland menighet har dåpsskuletilbud til 6-åringane i soknet. I den forbindelse sydde eg eit bilete til kvart tema. Desse bileta blir nytta til repitisjon av temaene, og visuell framstelling avsamanhengen mellom temaene.

Her er dei fire første temaene: Skapinga, dåpen, Bartimeus, Den gode gjetaren.

for mi skuld

TroPosted by Brit Sun, April 26, 2009 19:36:22
Lenge har eg hatt lyst til å sy "Jesus på korset". Men å beskrive lidinga,.. korleis gjer ein det? Og korleis såg eigentleg ansiktet til Jesus ut i dette forferdelege han måtte gå gjennom? Men om resultatet av min kreative prosess ikkje kan yte verkelegheita rettferd, så vart denne prosessen ei vandring gjennom lidingshistoria for meg. Ennå ein gong vart det "nytt" for meg, at Jesus gjekk gjennom dette for mi skuld.. og alle andre mennske si skuld.

Ære være Gud

TroPosted by Brit Sat, March 28, 2009 14:36:21
Ved juletider var eg på konsert - Hendels Messias. Det var så mektig. Komponisten og seinare kor og orkester får verkeleg fram det store i at Gud vart menneske. At det var gjeterane som først skulle få beskjeden om Frelsaren som var fødd er ganske flott. Dei var av dei lågaste på rangsstigen. Men hos Gud er det ingen stor eller liten, rik eller fattig. Vi er alle like mykje elska av Han.

Bevar hjertet

TroPosted by Brit Tue, March 10, 2009 23:22:55

Bevar hjertet kallar eg dette bildet. For å leve i eit rett forhold til meg sjølv, Gud og andre menneske, har eg eit ansvar for å ta vare på meg sjøl, leve i samsvar med mitt indre.

Eg vart gripen av heile kap 4 i Ordsp. For her kan eg lese oppskrifta på korleis eg skal ta vare på, eller bavare, hjara mitt. Nøkkelordet her er visdom.

Hør mine barn, på en fars rettledning, og gi akt så dere kan lære og kjenne forstand. For jeg gir dere den gode undervisningen (v1-2)

..la mine ord gripe ditt hjerte, hold mine bud, så skal du leve. (v4)

Vinn deg visdom! Vinn deg forstand (v5)

Min sønn, gi akt på mine ord, bøy ditt øre til min tale. (v20)

La dem ikke vike fra dine øyne, ta vare på dem i dypet av ditt hjerte. (v21)

For de er liv for den som finner dem, og helse for hele hans legeme. (v.22)

Bevar ditt hjerte framfor alt som bevares, for livet utgår fra det.(v.23)

I bildet har eg gjort eit forsøk på å synleggjere forbindelsen mellom vårt hjarte og Guds hjarte. ..At me står i ein nåde- og kjærleiksstraum frå den treeinige Gud. -Ein straum som går vidare ut til våre medmenneske. Eit viktig element i vår medvandring.

I Guds hand (2)

TroPosted by Brit Sun, March 08, 2009 00:13:38
Fuglen på innsida av ruta veit ikkje korleis han skal få del i friheten utanfor. Den reddande handa kan og kjennast som ein trussel. Av og til kan det vere slik for oss menneske. Vi er rådville, og ser ikkje at handa er ein trygg plass og at den same handa ikkje er noko å frykte, men tvert om er vegen til friheten.

Frå steinhjerte til kjøthjerte

TroPosted by Brit Sat, March 07, 2009 23:55:04

Profeten Esekiel (kp 11) får ein profeti om Guds folk som ein dag skal få Israels land og eit løfte frå Gud.." Så skal jeg gi dem et hjerte, og Jeg skal gi en ny ånd i deres indre. Jeg skal ta steinhjertet bort fra deres kjød og gi dem et hjerte av kjød".(v 19)

desse orda inspirerte meg til å sy dette bildet. Alt er mulig for Gud!

« PreviousNext »