Om bildene

Om bildene

I Guds hand (1)

TroPosted by Brit Sun, February 08, 2009 21:06:13

Under ei bønesamling for ein kreftsjuk venn, såg eg dette bildet heilt tydeleg for mitt indre auge. Eg visste at dette skulle eg sy til han. For meg var dette ei sterk oppleving av fleire grunnar. For det første hadde eg opplevd noko liknande før, men då slo eg det frå meg og gjorde ingenting med det. For det andre var denne siste opplevinga så sterk at eg ikkje var i tvil. Eg kjende det på kroppen som ein feber som ikkje forsvann før bildet var levert.

Bildet vart sydd og det kom til å bety mykje for Erlend som fekk det.
Dette kan du og lese om i boka Gjenskinn (Jorun Eiane Brunstad)

Erlend fekk kvile i Guds hand den tida han levde og fekk sovne inn i den vissa at han fotsatt skulle få kvile der (august 2006)